Rógvi skordadi 3 mál mikukvøldið, tá nýggja norska felag hansara, Hødd, vann 8-0 í vinardysti móti Hareid, sum spælir í eini deild lægri enn Hødd. Rógvi fær sera gódan kritikk.
Á www.vikebladet.no skriva tey soleiðis um hendan vinardystin, sum var mikukvøldið, og sum tað sæst, fær Rógvi tað besta skoðsmálið av teimum nýggju á liðnum.
Prøve-Hødd tukta Hareid 8-0
Eit Hødd-lag med mange prøvespelarar slo Hareid 8-0 i ein treningskamp på Hareidsmyrane stadion onsdag kveld.
Med tanke på den årstida vi er inne i var speleforholda ganske gode, sjølv om det småregna og var ein god del vind.
Hødd skora jamt og trutt – fire mål i kvar omgang:
0-1 kom i det 7. minutt. Rógvi Jacobsen slo inn, Joubert Camos heada vidare til Kjetil Paulsen, som sprang gjennom og skora åleine med den unge Hareid-keeperen Håkon Lonbakken.
0-2 kom etter 17 minutt. Erik Sandal slo eit frispark frå sidelinja. Ballen gjekk rett i mål, muligens var han innom ein eller annan spelar i klynga framfor Hareid-keeperen. Men Sandal blir kreditert målet.
0-3-målet i det 23. minutt vart færøyværingen Rógvi Jacobsen si første nettkjenning for Hødd. Han sette ballen kontant i mål etter innlegg frå kamerunesaren Titi Essomba.
0-4 kom også ved Jacobsen, som heada i mål etter corner i det 41. minutt.
Hareid hadde to-tre kjempesjansar i 1. omgang, men både Helleseth og Jørgensen missa for ope mål.
I 2. omgang la Rógvi Jacobsen på til 5-0 i det 52. minutt – og like etter gjekk han av bana. Med 3 mål i sin første Hødd-kamp har han fått ein god start på Norges-karrieren.
Hødd auka så til 6-0 i det 55. minutt ved brasilianaren Joubert Campos etter strålande førearbeid av Vegard Heltne.
7-0 kom i det 72. minutt ved Eivind Michael Myklebust etter innlegg frå Andreas Sørgaard Olsen – og så runda Titi Essomba av med 8-0-skoringa etter framspel frå Joubert Campos.
I 2. omgang skapte ikkje Hareid målsjansar, men var likevel godt med på notane spelemessig. Det var dei forresten også i 1. omgang.
For Hødd var dette først og fremst ein kamp der dei fekk prøve ut ein del aktuelle ny-signeringar. Kor klok Hødd-leiinga vart, er vanskeleg å seie.
Den spelaren av dei nye som viste dei største kvalitetane var nok Rógvi Jacobsen. Men han har som kjent alt fått ei toårskontrakt.
Den litt uortodokse Titi fekk også til ein god del. Brasilianarane var litt ujamne, men viste god teknikk. Midtstoppar Aleksandr Kulik var solid, men tok lite del i det offensive.




