Klaksvík
7,8°

icon-search
icon-close
No results found
icon-circle-arrow
icon-circle-arrow
, ,

Kvadet om Moe & Magne

Jóhann Lützen

(Etter kvadet om Ormen Lange av Jens Christian Djurhuus)

 
Vilja de høyra kvadet mitt, og vilja de ordi tru
Om Magne som segla til Klaksvik, for der som høvding bu.

Omkved:

Spelet vekslar, blåfot jagar, færing spring
kula dansar att og fram og stadion syng

Røkke lot ein stadion byggja nede på Reknessand
for Molde, argaste klubben nokon sett herja i Noregs land.
Magne han bygdest på Aker slott, ut av dei beste emnon
draktnummer ti og kjølen rolig og kald imellom stemnon.
Forgylt var ungfolens venstre fot, rustninga kvit og blå.
Hårvassglansen i toppen blenkte, så sier soga i frå.

Spelet vekslar, blåfot jagar, færing spring
kula dansar att og fram og stadion syng

Ankra opp i Djúpumýra, var ikkje Hoseth sein
om å sende bod etter fleire: Daniel, garva kaptein
lot seg færa til Færøy over. Moldemannskap på to.
Heimstadens finaste krigaraemne, kløpparar til å ro.
Forren (muntre piraten) drakk mjød, skreik “SHIP OHOI!!”
“Vinden bles ifrå bot mot bedring. Gussiås! Hal toppseil, my boy!”

Spelet vekslar, blåfot jagar, færing spring
kula dansar att og fram og stadion syng
Heime i Tórshavn tok kvartetten fyrste Molde-skalpen.
Hærførar Moe reiv seg i håret: “Hoseth, den gutekvalpen!”
Før Erling spratt ut or Recaro sete og talte te sine drenge
“No har us segla dan salte sjo, der fekk me ein lærepenge.
Legg no nystroken rustning klar, leggskinn og skarpe sko
sian legg me på kunstgras ut og jaktar Færi blod!”
Listig mælte Hoseth då, “Klaksvik! Om blåsverdi fylgjer
heile vegen mot eige mål, begrav dei i kontringsbylgjer…
for kven skal slagmarki ligge att og banesåret tagne?”
“DAUD TIL ERLING ULVETANN MOE” svara hin hærmenn då Magne.

Spelet vekslar, blåfot jagar, færing spring
kula dansar att og fram og stadion syng
 
 

Harleyfacadeacryl