Tað eru seks persónar umborð, sigur bjargingarleiðarin, Oddgeir Andersen, við norska miðilin NRK.
NRK skrivar:
Det skal vere seks personar i fartøyet. To helikopter er på veg, eitt redningshelikopter frå Florø, og eitt SAR-helikopter frå plattforma Statfjord.
– I tillegg er to kystvakter og ei redningsskøyte på veg, opplyser Andersen.
– Det skal dreie seg om et vikingskip som har kantra, seier medievakt Henrikke Zachariassen i Redningsselskapet. Ifølge henne skal det vere fleire personar i ein flåte.
Det skal vere opptil 35-40 knops vind i området.
Andersen stadfestar at fartøyet utanfor Stad har kantra.
– Det er observert ein redningsflåte. Redningshelikopteret frå Florø held på å jobbe med den no – å lokalisere den og plukke opp personar, seier Andersen.
Han fortel om røft ver med sterk vind og høg sjø.



